No kan du faktisk vera så heldig at du får eit godt tilbod om huskjøp i Brasil, samstundes som du les dei siste nyhende på NRK sine tekstsider.
Ja, det er faktisk ikkje grenser for kva slags gode tilbod du kan verta gjort merksam på medan du prøver å setje deg inn i det som har skjedd i verda omkring deg den siste tida.
Tenk på kor mykje du ikkje veit at du eigentleg har bruk for.
No er farene for å gå glipp av Det store kjempetilbodet, som du kanskje ikkje visste om eller heilt har skjøna at du burte nytte deg av, vorte mykje mindre.
Fyrst no kan eg ane ei flik av alt eg har gått glipp av.
Tidlegare, medan Noreg var ei Sovjetstat, måtte eg gå til tekstsidene til TV2 for å kunne få alle desse gode tilboda, men no er endeleg mangfaldet kome til NRK óg!
Det går verkeleg i rett lei og det med stormskritt!
(Diverre har eg ikkje fått nokre gode tilbod medan eg skreiv dette. Kven er ansvarleg for at tilboda vert undertrykte her? Er det desse Google-folka?)
Sunday, October 29, 2006
Subscribe to:
Posts (Atom)