Sunday, October 07, 2007

Rehabilitering

MANNS MOT!

Endeleg har dette òg vorte stuereint att!
Feminismen tok samstundest knekken på retten kvinner har til å ta seg godt ut og mannen sin rett til å vera ridderleg og vise mot.

No kan vi endeleg på nytt få kjøpe luksusbilar med tynnkledde kvinner på panseret. Pornohysteriet har óg lagt seg noko. Bladkioskane kan stort sett selja det som folk vil ha.

Når det gjeld "den mjuke mannen", er det nok noko verre å kvitta seg med han. (Vi har ein statsminister og ein utanriksminister som fortsatt, i alle fall i ord, held på dialog og andre "mjuke" talemåtar.

Heldigvis er det nye koster på veg inn i systemet og debatten.
Ein tilsett i Kommunal og regiondepartementet offentleggjer i DT 5/10 ein artikkel som verkeleg er i samsvar med det vår tid krev av ein mann og norsk politikar.
Ein nasjon som fører krig i utlandet og som, i eigne augo, er ei industriell og teknoligisk stormakt, krev politikarar av Kennedy sin type. Politikarar som set mot i høgsetet og som ikkje er redd for å gå mot "folkeviljen" (som ikkje maktar å sjå dei store linene i politikken).
Den nemnde personen frå departementet nemner pensjonreformen som ei sak der politikarar kan syne mot til å tenkje langsiktig og å halda dei store ideala i hevd.
Kanskje treng me ikke vente til Siv og co. får makta før "manns mot" er rehabilitert?
Kanskje spirene til å få kasta feminist-terroren på skraphaugen finst alt i den noverande leiinga?
Det går i alle fall i rett retning!

PS: Synd Kennedy ikkje fikk sjansen til å fullføre Vietnamkrigen!

Saturday, September 29, 2007

Gjør valget enklere for dine venner!?

Ei markant avis kjenneteikna ved solide artiklar og klare synspunkt på viktige samfunnsspørsmål:
"Gjør valget enklere for dine venner, gi bort et abonnement på ....."

På framsida av avisa sto denne oppmodinga under heile valkampen.

Innhaldet i parolen skapte fyrst undring. Vart det verkeleg enklare å vite kven ein skulle stemme på om ein las denne avisa? Var det eit bestemt parti som synte seg som eit sjølsagt val om ein las denne avisa?

Dette fann eg ikkje ut av ved å lese avisa. Fleire partitoppar slapp til i avisa og argumenterte godt for synspunkta sine. Valet av parti vart slett ikkje enkelt sjøl om eg las mykje av valstoffet.

Kanskje venene mine tenkte annleis? Kanskje dei, motsett av meg, fann ut noko mellom linene om kva for parti det var lurt å stemme på?

Men så dukka ei ny undring opp: Om avisa søkjer å opplyse lesarane sine, er det da slik at di meir du veit di lettare er det å ta eit klart standpunkt?
Slik er det sjeldan for meg. Di meir eg veit om eit emne, di klårare vert det for meg kor mykje eg ikkje veit om dette emnet.

Men eg veit om eit parti som har klåre og sikre meiningar basert på minimalt med kunnskap.
Det kunne umuleg vera det partiet dei ville ha meg til å stemme på. Noko tilsvarande lettvintparti har vi vel ikkje på motsett side av skalaen?

Så parolen virka meir og meir absurd di meir eg vurderte:

Den burde nok vorte endra til:
"Gjør valget vanskeligere for dine venner - gi bort et abonnement på ...!"

Wednesday, August 15, 2007

Ein lønsam idé!

Steinar frå Liberget hadde i lang tid tent gode pengar på å gje politikarane råd.
Han gjorde det så bra at han vart leiar for alle rådgjevarane og kursarane rundt om i landet.

Men ein dag starta nedgangen for rådgjevarane og kursarane som hadde spesialisert seg på å tekkjast kongen sine menn. Det var lite etterspurdnad etter både råd og kurs.

På same tida kom Pisa innom kontoret til Steinar. Ho sa at det sto dårleg til med både kunnskap og arbeidsevne hjå ungdomane.

Libergen grunna på dette i fleire dagar, men brått fekk han ein stor idé:
"Politikarane likar at det ser ut som dei gjer noko for opplæringa. Spesielt likar dei det om det synest ikkje å koste noko.
Kva om eg finn opp noko heilt nytt? KOMPETANSE! Det er vel eit betre ord enn både kunnskap og arbeidsemne og kan vel erstatte begge! Og så seier eg at alle skal få meir kompetanse om dei går oppover ei kompetansetrapp? Å setja eit nytt namn på opplæringa kostar ingen ting; heller ikkje å be kvar einskild om gå si eiga trapp."
Han tala med politikar-"venene" sine og dei likte idéen. "Det som ikkje kostar noko og som høyrest fint ut, er av rette slaget", sa dei!
"Men om dette skal bli noko av, må vi få halde kurs" sa Libergen da.
"Ja, sjølvsagt skal de få halde kurs", sa politikarane.
Og så byrja både politikarar, rådgjevarar og kursarar å diskutere kva dei skulle kalle denne store kampanjen. Og snar vart dei einige om at det ålmogen sikkert helst ville høyre om var eit kunnskapsløft. (Ålmogen kunne ikkje skjøne kor stort det var med kompetanse!)

Skulemeistrane vart samla i store hopar og fekk sjå teikningar av den store trappa som alle skulle få gå i sitt eige tempo og fekk høyre om det utrulege som skulle skje om ein kalla kunnskap og arbeidsemne for kompetanse. Da vart alle klokare.
Så hadde alle kursarane og rådgjevarane arbeid i årevis, for skulemeistrane måtte ha mange kurs for å skjøna både trappa og kva kompetansemål var for noko.

Nokre av dei starta straks å prate om kompetansemål som om dei ikkje hadde tenkt på anna før.
Andre undra seg på kva som eigentleg hadde skjedd. Og nokre var frekke nok til å lure på om ikkje det hadde vore like lurt å lytte meir til kva dei sa. Dei meinte til og med at ein burde bruke kurspengane til å tilsette fleire skulemeistrar!

Men snart var det ingen som turde å prata om anna enn kompetansemåla, og heile hopen av skulemeistrar prøvde å lage seg eigne bøker med mål som dei la i hyllene sine.
Og kursarane og rådgjevarane fekk halde fram som før.
Og har dei ikkje slutta enno så driv dei framleis på.
Snipp, snapp snute så var...

Wednesday, May 02, 2007

So seier dei vise....

Dei vise i utdanningsdirektoratet har tala:

Her er kva ein ungdomsskuleelev skal kunne i det store nye emnet "teknologi og design":

"Gjøre rede for elektroniske kommunikasjonssystemer på systemnivå og drøfte samfunnsmessige utfordringer ved bruk av slike."

"Kompetanse" skal det bli ja!

Korleis er det med keisaren?
Han fekk seg eit bein i direktoratet?
Og alle der er einige om at han har bunaden på?
Det lover godt for både elevar og lærarar!

Tenk kor keisamt det hadde vore om ikkje nokon hadde vyer som strekkjer seg over det kvardagslege?
Utan store idéar inga utvikling, og utan store ord...

Sunday, April 29, 2007

Svartkvit

Thursday, April 19, 2007

Skrivepress

Ei viss Houella synest det kjem lite nytt her. Ja, det stemmer. Men kvifor skravle når ein ikkje har noko å fortelja andre? Togn er nok best da.
Den same Houella er ute med ironi når ho ikkje klarer å fylgje tankerekkja mi.
Springande? Ja, vel!
Er ikkje tankane det?
Men eg heldt meg vel til temaet?
Og om ein har fylgd med i kva denne hurpa har sagt og gjort, så kan ein vel skjøne at det er ein samanheng i at ho har mobba og plaga ein stakkar som ikkje heilt klarte ut med arbeidet sitt, at ho har prøvd og delvis klart å styre statsministeren og at ho har motarbeidd effektivisering og konkurranseutsetjing av tenester som stat/kommune har skjøtta dårleg med alle lathansane som er tilsett der.
Til saman utgjer alt dette grunnsynet hennar: Stalinistisk kommunisme! (Det er ikkje mykje springande!)
Takke vere VG er vi no kvitt henne og kan håpe på at LO ikkje lenger skal vera ein bastion for "annerledeslandet".

Sunday, March 11, 2007

Endeleg!

Så er vi kvitt denne "raudstrømpa" og kommunistmedløparen!
At personar med slike synspunkt skal sitte i ein nøkkelposisjon i samfunnet, kan vel ingen sanne demokratar godta.
Ho har til og med regjert over regjeringa!
Enn å vera så konsekvent motstandar av all effektivisering og konkurranse?
I posisjonen som LO-leiar er samfunnsansvar viktigare enn å fremje "sosialistisk" politikk.
Heldigvis har "folket" eit talerør: VG!
Hadde det ikkje vore for VG, hadde nok Valla sete på pidestallen og styrt oss i meir og meir i den sosialistiske grøfta.
Og det trass i at flesteparten av medlemmane i LO stemmer på Frp.
Gud vere prisa for at demokratiet kan bli teke i vare!
Korleis hadde ikkje den norske "arbeidarklassen" vore utan eit uhilda talerøyr: VG?

Wednesday, February 28, 2007