Sunday, January 31, 2016

Hushjelp og anna som vi misunner borgarskapen...

Vaskehjelp meg både her og der. Det er slik at vi alle gjerne kunne tenkt oss litt meir av alt som dei har, dei som har meir enn oss. Det er ei viktig drivkraft som hindrar stagnasjon og gjev meining til tilveret. Dessutan er vi vel alle grunnleggjande egoistisk og vil fyrst og fremst syta for oss sjølve og dei som står oss nær. Dette kan vi ikkje gjera så mykje med. Vidare er det greit å ha eit godt tilhøve til dei vi treffer ofte. Dei må vi tilpasse oss og ikkje provosere for mykje. Alle tener på at vi jenkar oss etter dei vi har mest å gjera med. Er du til dømes sjef for ei radikal "tankesmie" eller leiar i eit stort fagfurbund og har som mål å endre verda til det betre, kjem du i ein vanskeleg situasjon. Dei som bur ved sidan av deg og som du har mest å gjera med, er kan hende nøgd med sin situasjon og med samfunnet slik det fungerer. Kanskje dei til og med meiner egoisme og eigennytte er det som må til for å driva eit samfunn vidare framover. Og så har dei råd til å kjøpe seg ut av dei fleste trivielle kvardagslege problema. Det er vel ikkje noko gale i at du med dei store ideala om å endre verda, óg kjøper deg ut av det trivielle og kvardagslege arbeidet for å få betre tid til å arbeide for det store idealistiske prosjektet. Og du må vel samstundes sørgje for å ikkje laga unødvendig strid med dei du treffer kvar dag. Så du kan godt ha sosial omgang med dei som eigentleg vil det motsette av deg. Du treng ikkje ta ein Chaffey for det. På denne måten kan prat om "rettferdig fordeling" og tendensar til oppgrør mot dei som driv dette samfunnet framover få så ansvarlege representantar at det ikkje skadar samfunnet nemneverdig. Det er sjølvsagt godt for "hvermandsen" å ha nokon "oppi der" som forstår dei som får lite betalt for arbeidet sitt og som slit med å kome til orde der saker vert avgjorde. Ikkje alle bør og må ta ein Chaffey. Dei fleste bør ikkje! Diverre er det mange som før eller seinare gjer det likevel, men det må vel óg vi som trur på egoismen som drivkrafta i samfunnet/kapitalismen prøve å hindre. Kunsten er å halda talspersonane i "tankesmiene" og i fagforeiningane akkurat i rette blansen mellom å få smake på det gode livet og å halde på kontakten med dei misnøgde. Vaskehjelpdebatten er farleg og kan øydelegge for den viktige mellomstillinga som desse personane har. Dei er garantistar for å halde systemet ved lag og burde kanskje vore løna endå betre og lurare. Vi vil da ikkje ha opprør og revolusjon. Vi vil ha fred!