Vi veit alle at pressa er fri.
Fri for ansvar for konsekvensane av det ho skriv.
Om ho ikkje er så dum at ho skriv noko om ein person som har energi og økonomi til å setja i gang rettsapparatet. Men det gjer pressa ikkje. Ho lærer av erfaringar.
Dessutan er pressa heldigvis avhengig av inntjening (som det heiter og som eigentleg tyder overskot til dei som har investert arvekapitalen sin i pressa).
Så det gjeld fyrst og fremst å selje det ein skriv.
Dessutan er det viktig å ha lojale medarbeidarar, som unngår dyre rettsaker og artiklar som berre nokre få særingar er interessert i.
Korleis få til det?
La journalistane konkurrere om å bli kjend med dei som er kjend fordi dei er kjende; og skrive om dei. Så unngår ein kontrovers og rettsaker. Dessutan kan journalistane óg få sjansen til å bli litt kjende fordi dei er kjende.
Så kan dei konkurrere om å skrive om/ta bilete av noko heilt ferskt nytt. Kva er ferskare og heitare enn ein brann? Ultranært! Gjerne eit ansiktsuttrykk!
La dei konkurrere om å vera fyrst, dristigast og frekkast.
Så har vi det! Den frie pressa!
Og så er dagsorden sett. Det pressa skriv, det talar vi om. Halve arbeidet med å forma oponionen er gjort.
Godt gjort, men held det i lengda?
Nei, det er endåtil ikkje muleg å unngå at det sprenger seg inn kiler av røyndomen i reportasjane til TV2!
Folk er vanskelege å styre.
Men over lang tid må vel reklamen og stupiditeten gjera mon.
Tolmod!
Tuesday, September 26, 2006
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment