Sunday, March 11, 2007

Endeleg!

Så er vi kvitt denne "raudstrømpa" og kommunistmedløparen!
At personar med slike synspunkt skal sitte i ein nøkkelposisjon i samfunnet, kan vel ingen sanne demokratar godta.
Ho har til og med regjert over regjeringa!
Enn å vera så konsekvent motstandar av all effektivisering og konkurranse?
I posisjonen som LO-leiar er samfunnsansvar viktigare enn å fremje "sosialistisk" politikk.
Heldigvis har "folket" eit talerør: VG!
Hadde det ikkje vore for VG, hadde nok Valla sete på pidestallen og styrt oss i meir og meir i den sosialistiske grøfta.
Og det trass i at flesteparten av medlemmane i LO stemmer på Frp.
Gud vere prisa for at demokratiet kan bli teke i vare!
Korleis hadde ikkje den norske "arbeidarklassen" vore utan eit uhilda talerøyr: VG?

5 comments:

Lilli Artisanat said...

Det var en sammenhengende og strukturert tekst!

Coopen said...

Spydig eller?

Lilli Artisanat said...

Du har blitt tægga!

Lilli Artisanat said...

Eg tykjer coopen skulle vore oppdatert!

Blog gefø ken

Coopen said...

NB: Tykkjer! Tykjer er noko anna!
Det var søstra som oppdaga dette svaret og vi held på og ramla av stolen/sofaen!
Ikkje på grunn av han tykje, men namnet!