Etter den delvise opphevinga av ARK (Arbeidarpartiets Riks Kringkasting) og mediafrisleppet, har det eine framsteget avløyst det andre.
No er det for eksempel endeleg mogeleg å oppleve skikkeleg god underhaldning (som kan likne litt på bygderevyhumor) utan å forlate godstolen.
Som kjent er eit fjernsynsprogram vellukka berre om det har mange sjåarar. Er sjåartala gode, vil óg einkvan finne det lønsamt å selje reklame før/etter/under programmet. Dermed har vi det vi kallar ein god sirkel.
Her er ei oppskrift på ei vellukka (halv)-komedie i juletida:
eit sikringsskåp som fresar og gneistrar,
ein mann med stor mage som er interessert i ei rik overoppstasa blondine,
(óg omvendt: den blonde kan vera interessert i magemannen),
ein parykk som stendig dett av,
juletreljos som er vanskeleg å få til å lyse,
nissen som kjem for seint,
maten som ikkje ser ut til å bli servert
og eit landskjend orkester (for eksempel Vazelina bilopphøggers)?
Plasserer du i tillegg handlinga så langt ut på landsbygda som mogeleg (Toten til dømes) skulle suksessen vore sikra.
Ja, i tilleg må sjølvsagt alle landsens folk vera så godt som evneveik.
Slikt klarer TV2 stendig å lage, og vanlege folk kan more seg utan å bli pådytta alt dette ibsenske høgtravande "sossepratet".
Den norske kulturrevolusjonen ser ut til å vera fullførd.
PS:
Er ein for fintfølande til å tole å sjå litt reklame, er det berre å svitsje eller slå av (om ein er rask nok).
Og vil ein oppleve såkalla "høgverdig" kultur,
kan ei kjøpe seg bilett til ein opera ,eit teateret, ein symfonikonsert, ein jazzkonsert, ...
Aldri har det vore lettare å velje for Ola og Kari.
Det største spørsmålet er kanskje:
Kvifor tok det så lang tid å gjennomføre denne kulturrevolusjonen her i nisselueland når vi heilt sidan tidleg på 60-talet var kjende med kor godt føredøme USA var?
(Samstundes har vi frå fjernynets barndom vore plaga med fjernsynsteater, Skipper Worse, "Den fjerde nattevakt" osv)
Friday, January 04, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment