Sunday, January 31, 2016
Hushjelp og anna som vi misunner borgarskapen...
Vaskehjelp meg både her og der.
Det er slik at vi alle gjerne kunne tenkt oss litt meir av alt som dei har, dei som har meir enn oss. Det er ei viktig drivkraft som hindrar stagnasjon og gjev meining til tilveret.
Dessutan er vi vel alle grunnleggjande egoistisk og vil fyrst og fremst syta for oss sjølve og dei som står oss nær.
Dette kan vi ikkje gjera så mykje med.
Vidare er det greit å ha eit godt tilhøve til dei vi treffer ofte. Dei må vi tilpasse oss og ikkje provosere for mykje. Alle tener på at vi jenkar oss etter dei vi har mest å gjera med.
Er du til dømes sjef for ei radikal "tankesmie" eller leiar i eit stort fagfurbund og har som mål å endre verda til det betre, kjem du i ein vanskeleg situasjon.
Dei som bur ved sidan av deg og som du har mest å gjera med, er kan hende nøgd med sin situasjon og med samfunnet slik det fungerer.
Kanskje dei til og med meiner egoisme og eigennytte er det som må til for å driva eit samfunn vidare framover. Og så har dei råd til å kjøpe seg ut av dei fleste trivielle kvardagslege problema.
Det er vel ikkje noko gale i at du med dei store ideala om å endre verda, óg kjøper deg ut av det trivielle og kvardagslege arbeidet for å få betre tid til å arbeide for det store idealistiske prosjektet.
Og du må vel samstundes sørgje for å ikkje laga unødvendig strid med dei du treffer kvar dag. Så du kan godt ha sosial omgang med dei som eigentleg vil det motsette av deg. Du treng ikkje ta ein Chaffey for det.
På denne måten kan prat om "rettferdig fordeling" og tendensar til oppgrør mot dei som driv dette samfunnet framover få så ansvarlege representantar at det ikkje skadar samfunnet nemneverdig. Det er sjølvsagt godt for "hvermandsen" å ha nokon "oppi der" som forstår dei som får lite betalt for arbeidet sitt og som slit med å kome til orde der saker vert avgjorde. Ikkje alle bør og må ta ein Chaffey. Dei fleste bør ikkje! Diverre er det mange som før eller seinare gjer det likevel, men det må vel óg vi som trur på egoismen som drivkrafta i samfunnet/kapitalismen prøve å hindre. Kunsten er å halda talspersonane i "tankesmiene" og i fagforeiningane akkurat i rette blansen mellom å få smake på det gode livet og å halde på kontakten med dei misnøgde.
Vaskehjelpdebatten er farleg og kan øydelegge for den viktige mellomstillinga som desse personane har. Dei er garantistar for å halde systemet ved lag og burde kanskje vore løna endå betre og lurare.
Vi vil da ikkje ha opprør og revolusjon. Vi vil ha fred!
Tuesday, March 19, 2013
Thursday, October 09, 2008
Ambivalens
Hei igjen kjære lesar..
Eg trur neppe nokon har lese noko av dette og dermed vert det mest som å prate med seg sjøl. Og den som trur ein får dei svara ein vil om ein gjer det, tek feil. Eller som Tore skreiv på russekortet sitt: Før var eg sterkt i tvil om det meste, men no er eg ikkje sikker på det lenger. (Kanskje ikkje ordrett slik, men..)
For eksempel: Burde vi Noreg ikkje snart sjå til å bli med i EU, slik at Støre og andre med internasjonalt kaliber får oppgåver som passer dei. Synd å stoppe opp i utviklinga som ein utanriksminister for eit lite land som dei fleste i verda ikkje veit eksisterer ein gong. Og mannen er vel både flink og intelligent, mest som ein yngre Willoch. Og begge ville gjerne at vi skulle høyrd nærare til den europeiske familien. For europearane står oss da mykje nærare enn all verdas rare folkeslag som finst i for eksempel SN. Dermed skulle det vera klart at samarbeidet her skulle vore lettare å få til enn i SN. Om vi var samla i EU var vi på god veg til å eliminere kampen mellom nasjonane; i alle fall i Europa. Og det var vel her verdskrigane hadde sitt utspring? Så for freden si skuld og for Støre si skuld er det ikkje tvil om at vi snarare enn svint må med i denne samskipnaden. Til dei som meiner at dette berre kan vera eit steg mot sterkare blokker som står steilt mot kvarandre, kan ein vel berre riste på haudet. Er i kkje europearane såpass siviliserte at dei både klarer å ta knekken på muslimane og sørger for at det vert nok både mat og drikke til negrane i Afrika? Skal dei i Afrika på nokon måte få det betre, må det eit sterkt Europa til!

Monday, January 07, 2008
Friday, January 04, 2008
Matmangel/Kultur
Matmangel?
Er det eigentleg for lite mat til alle menneskjer i verda?
Nei! Det er mat til alle som orkar å gjera noko for å skaffe seg mat.
Spør du afrikanaren om kva han sjøl har gjort for å kome seg ut av uføret, skjønar du snart at det har han ikkje...
Mediamat
God idé det! Å lage eit fjernsynsprogram om kva vi brukar å ete på bestemte dagar. Finn du berømte personar som vil svare på spørmåla er du sikra at folket set seg godt til rett framfor fjernsynsappratet, gjerne med litt god mat og drikke til, og fylgjer interessert med.
Kva er det ein, som nok må seiast å vera plassert nokre trinn over deg på ramgstigen, fyller skrotten sin med på nokre utvalde dagar i året?
Klarer mediakanalen i tillegg å skaffe nokre musikarar med kjende fjes til å spela litt musikk som alle likar, er denne programoppskrifta ein garantert suksess.
Kanskje nok til eit program som varer i to heile timar kvelden før den store matdagen.
Vitjar du ein person som bur åleine, kan han/ho óg gjerne bruke vel ein halvtime på å fortelje om vanane sine, om når dei gjer kva på dagen og både når og kva dei ét.
Det er neppe noko å sende på fjernsynet (enno), men kan vel vera ei forklaring på kvifor "kvaétdu"-program er så populære.
Når ein ikkje får sjansen til å fortelje om seg sjøl, er det vel ei god trøyst å høyre at andre gjer det. Frå slike program kan du gjerne óg få nokre gode idéar om korleis du sjøl kan raffinere matvanane dine og ha meir å fortelje neste gong nokon må høyre på deg.
Dette har ikkje noko med moral å gjera. Og slett ikkje med ideologi!
Aller minst med mat/ingrediens-snobberi!
Kultur er det!

Dei hundre blomar blømer!
Etter den delvise opphevinga av ARK (Arbeidarpartiets Riks Kringkasting) og mediafrisleppet, har det eine framsteget avløyst det andre.
No er det for eksempel endeleg mogeleg å oppleve skikkeleg god underhaldning (som kan likne litt på bygderevyhumor) utan å forlate godstolen.
Som kjent er eit fjernsynsprogram vellukka berre om det har mange sjåarar. Er sjåartala gode, vil óg einkvan finne det lønsamt å selje reklame før/etter/under programmet. Dermed har vi det vi kallar ein god sirkel.
Her er ei oppskrift på ei vellukka (halv)-komedie i juletida:
eit sikringsskåp som fresar og gneistrar,
ein mann med stor mage som er interessert i ei rik overoppstasa blondine,
(óg omvendt: den blonde kan vera interessert i magemannen),
ein parykk som stendig dett av,
juletreljos som er vanskeleg å få til å lyse,
nissen som kjem for seint,
maten som ikkje ser ut til å bli servert
og eit landskjend orkester (for eksempel Vazelina bilopphøggers)?
Plasserer du i tillegg handlinga så langt ut på landsbygda som mogeleg (Toten til dømes) skulle suksessen vore sikra.
Ja, i tilleg må sjølvsagt alle landsens folk vera så godt som evneveik.
Slikt klarer TV2 stendig å lage, og vanlege folk kan more seg utan å bli pådytta alt dette ibsenske høgtravande "sossepratet".
Den norske kulturrevolusjonen ser ut til å vera fullførd.
PS:
Er ein for fintfølande til å tole å sjå litt reklame, er det berre å svitsje eller slå av (om ein er rask nok).
Og vil ein oppleve såkalla "høgverdig" kultur,
kan ei kjøpe seg bilett til ein opera ,eit teateret, ein symfonikonsert, ein jazzkonsert, ...
Aldri har det vore lettare å velje for Ola og Kari.
Det største spørsmålet er kanskje:
Kvifor tok det så lang tid å gjennomføre denne kulturrevolusjonen her i nisselueland når vi heilt sidan tidleg på 60-talet var kjende med kor godt føredøme USA var?
(Samstundes har vi frå fjernynets barndom vore plaga med fjernsynsteater, Skipper Worse, "Den fjerde nattevakt" osv)

Sunday, October 07, 2007
Rehabilitering
MANNS MOT!
Endeleg har dette òg vorte stuereint att!
Feminismen tok samstundest knekken på retten kvinner har til å ta seg godt ut og mannen sin rett til å vera ridderleg og vise mot.
No kan vi endeleg på nytt få kjøpe luksusbilar med tynnkledde kvinner på panseret. Pornohysteriet har óg lagt seg noko. Bladkioskane kan stort sett selja det som folk vil ha.
Når det gjeld "den mjuke mannen", er det nok noko verre å kvitta seg med han. (Vi har ein statsminister og ein utanriksminister som fortsatt, i alle fall i ord, held på dialog og andre "mjuke" talemåtar.
Heldigvis er det nye koster på veg inn i systemet og debatten.
Ein tilsett i Kommunal og regiondepartementet offentleggjer i DT 5/10 ein artikkel som verkeleg er i samsvar med det vår tid krev av ein mann og norsk politikar.
Ein nasjon som fører krig i utlandet og som, i eigne augo, er ei industriell og teknoligisk stormakt, krev politikarar av Kennedy sin type. Politikarar som set mot i høgsetet og som ikkje er redd for å gå mot "folkeviljen" (som ikkje maktar å sjå dei store linene i politikken).
Den nemnde personen frå departementet nemner pensjonreformen som ei sak der politikarar kan syne mot til å tenkje langsiktig og å halda dei store ideala i hevd.
Kanskje treng me ikke vente til Siv og co. får makta før "manns mot" er rehabilitert?
Kanskje spirene til å få kasta feminist-terroren på skraphaugen finst alt i den noverande leiinga?
Det går i alle fall i rett retning!
PS: Synd Kennedy ikkje fikk sjansen til å fullføre Vietnamkrigen!

Saturday, September 29, 2007
Gjør valget enklere for dine venner!?
Ei markant avis kjenneteikna ved solide artiklar og klare synspunkt på viktige samfunnsspørsmål:
"Gjør valget enklere for dine venner, gi bort et abonnement på ....."
På framsida av avisa sto denne oppmodinga under heile valkampen.
Innhaldet i parolen skapte fyrst undring. Vart det verkeleg enklare å vite kven ein skulle stemme på om ein las denne avisa? Var det eit bestemt parti som synte seg som eit sjølsagt val om ein las denne avisa?
Dette fann eg ikkje ut av ved å lese avisa. Fleire partitoppar slapp til i avisa og argumenterte godt for synspunkta sine. Valet av parti vart slett ikkje enkelt sjøl om eg las mykje av valstoffet.
Kanskje venene mine tenkte annleis? Kanskje dei, motsett av meg, fann ut noko mellom linene om kva for parti det var lurt å stemme på?
Men så dukka ei ny undring opp: Om avisa søkjer å opplyse lesarane sine, er det da slik at di meir du veit di lettare er det å ta eit klart standpunkt?
Slik er det sjeldan for meg. Di meir eg veit om eit emne, di klårare vert det for meg kor mykje eg ikkje veit om dette emnet.
Men eg veit om eit parti som har klåre og sikre meiningar basert på minimalt med kunnskap.
Det kunne umuleg vera det partiet dei ville ha meg til å stemme på. Noko tilsvarande lettvintparti har vi vel ikkje på motsett side av skalaen?
Så parolen virka meir og meir absurd di meir eg vurderte:
Den burde nok vorte endra til:
"Gjør valget vanskeligere for dine venner - gi bort et abonnement på ...!"

Subscribe to:
Comments (Atom)