Sunday, April 29, 2007

Svartkvit

Thursday, April 19, 2007

Skrivepress

Ei viss Houella synest det kjem lite nytt her. Ja, det stemmer. Men kvifor skravle når ein ikkje har noko å fortelja andre? Togn er nok best da.
Den same Houella er ute med ironi når ho ikkje klarer å fylgje tankerekkja mi.
Springande? Ja, vel!
Er ikkje tankane det?
Men eg heldt meg vel til temaet?
Og om ein har fylgd med i kva denne hurpa har sagt og gjort, så kan ein vel skjøne at det er ein samanheng i at ho har mobba og plaga ein stakkar som ikkje heilt klarte ut med arbeidet sitt, at ho har prøvd og delvis klart å styre statsministeren og at ho har motarbeidd effektivisering og konkurranseutsetjing av tenester som stat/kommune har skjøtta dårleg med alle lathansane som er tilsett der.
Til saman utgjer alt dette grunnsynet hennar: Stalinistisk kommunisme! (Det er ikkje mykje springande!)
Takke vere VG er vi no kvitt henne og kan håpe på at LO ikkje lenger skal vera ein bastion for "annerledeslandet".

Sunday, March 11, 2007

Endeleg!

Så er vi kvitt denne "raudstrømpa" og kommunistmedløparen!
At personar med slike synspunkt skal sitte i ein nøkkelposisjon i samfunnet, kan vel ingen sanne demokratar godta.
Ho har til og med regjert over regjeringa!
Enn å vera så konsekvent motstandar av all effektivisering og konkurranse?
I posisjonen som LO-leiar er samfunnsansvar viktigare enn å fremje "sosialistisk" politikk.
Heldigvis har "folket" eit talerør: VG!
Hadde det ikkje vore for VG, hadde nok Valla sete på pidestallen og styrt oss i meir og meir i den sosialistiske grøfta.
Og det trass i at flesteparten av medlemmane i LO stemmer på Frp.
Gud vere prisa for at demokratiet kan bli teke i vare!
Korleis hadde ikkje den norske "arbeidarklassen" vore utan eit uhilda talerøyr: VG?

Wednesday, February 28, 2007

Friday, November 24, 2006

Kapitalismenes fortreffelighet 3

Ein undersjøisk tunell hadde for eit par år sidan fastmonterte telefonar der ein kunne, ved å løfte av røyret, få direkte kontakt med det lokale brannvesenet.
I den kjende framstegsomorganiseringa/effektiviseringa av "offentleg sektor" vart desse telefonane kobla til ein sentral for undersjøiske tunellar i Trondheim, som står i kontakt med naudsentralen i Ålesund som igjen kan kontakte det lokale brannvesenet.
Smart!

Sunday, October 29, 2006

Kapitalismens fortreffelighet 2

No kan du faktisk vera så heldig at du får eit godt tilbod om huskjøp i Brasil, samstundes som du les dei siste nyhende på NRK sine tekstsider.

Ja, det er faktisk ikkje grenser for kva slags gode tilbod du kan verta gjort merksam på medan du prøver å setje deg inn i det som har skjedd i verda omkring deg den siste tida.

Tenk på kor mykje du ikkje veit at du eigentleg har bruk for.
No er farene for å gå glipp av Det store kjempetilbodet, som du kanskje ikkje visste om eller heilt har skjøna at du burte nytte deg av, vorte mykje mindre.

Fyrst no kan eg ane ei flik av alt eg har gått glipp av.

Tidlegare, medan Noreg var ei Sovjetstat, måtte eg gå til tekstsidene til TV2 for å kunne få alle desse gode tilboda, men no er endeleg mangfaldet kome til NRK óg!

Det går verkeleg i rett lei og det med stormskritt!

(Diverre har eg ikkje fått nokre gode tilbod medan eg skreiv dette. Kven er ansvarleg for at tilboda vert undertrykte her? Er det desse Google-folka?)

Tuesday, September 26, 2006

Kapitalismens fortreffelighet 1

Vi veit alle at pressa er fri.
Fri for ansvar for konsekvensane av det ho skriv.
Om ho ikkje er så dum at ho skriv noko om ein person som har energi og økonomi til å setja i gang rettsapparatet. Men det gjer pressa ikkje. Ho lærer av erfaringar.
Dessutan er pressa heldigvis avhengig av inntjening (som det heiter og som eigentleg tyder overskot til dei som har investert arvekapitalen sin i pressa).
Så det gjeld fyrst og fremst å selje det ein skriv.
Dessutan er det viktig å ha lojale medarbeidarar, som unngår dyre rettsaker og artiklar som berre nokre få særingar er interessert i.
Korleis få til det?
La journalistane konkurrere om å bli kjend med dei som er kjend fordi dei er kjende; og skrive om dei. Så unngår ein kontrovers og rettsaker. Dessutan kan journalistane óg få sjansen til å bli litt kjende fordi dei er kjende.
Så kan dei konkurrere om å skrive om/ta bilete av noko heilt ferskt nytt. Kva er ferskare og heitare enn ein brann? Ultranært! Gjerne eit ansiktsuttrykk!
La dei konkurrere om å vera fyrst, dristigast og frekkast.
Så har vi det! Den frie pressa!

Og så er dagsorden sett. Det pressa skriv, det talar vi om. Halve arbeidet med å forma oponionen er gjort.
Godt gjort, men held det i lengda?
Nei, det er endåtil ikkje muleg å unngå at det sprenger seg inn kiler av røyndomen i reportasjane til TV2!
Folk er vanskelege å styre.
Men over lang tid må vel reklamen og stupiditeten gjera mon.
Tolmod!

Thursday, September 07, 2006

Grand Manila

Endeleg er ho kome i hus!
Det medførerat "Presten" får permisjon inntil vidare.
Dette ser ut til å bli ei ny realistisk, fantastisk historie i lyrisk prosa. Smilet ligg òg på lur; som hjå Mona Lisa.
Det skal bli nokre gjæve kveldar og nèt framover! Eg håper at det vil likne på tidlegare opplevingar av same sort: Inn i dei underlegaste krokar av sinnet og ut på dei mest fantastiske eventyra; dulde samanhengar som klarnar brått eller i stille ettertanke.
Eg får prøve ikkje å "bruke" ho opp; men la det vare ei stund.

Friday, September 01, 2006

Natta....

Ja dette var eigentleg for seint (etter klokka) til å koma med noko fornuftig.
Dei rasjonale tankane har måtte vike for dei irrasjonale. Men dei må vel sleppe til av og til for ikkje å hope seg opp. Dessutan kan dei vel óg vera viktige for å skjøne litt meir av røyndomen.

Dei rasjonale tala finn vi på tallinja og alle kan vi skrive som ein brøk. Det er mogeleg å tenkje seg at dei faktiske fyller ut heile tallinja om vi lagar uendeleg mange av dei. Likevel kan vi prove at det faktisk finst mange tal som ikkje er rasjonale, men som likevel må ha ein plass på tallinja. (Pi er vel det mest kjende; men rota av 2 er heller ikkje å forakte.)
(Går vi utanom tallinja finn vi faktisk eit heilt univers av andre tal....)

Så da er det vel berre å kaste seg ut i det:
Det var nokså meiningslaust å sitje å sjå på og høyre på Skavland briske seg mellom sine posjonar med "pen" jente, ansvar for fattigdom på jorda, folkeleg humor, sjølvhøgtidelege politikarar, verdskjent kjent person, sympatisk riking og "det lille ekstra" (barne-"kjendisen").

Men Øystein Sunde avslørte vel heile bunten utan at dei skjønte det?
(Ikkje fint gjort over for velmeinande intelligente personar....)
Kanskje meinte han det ikkje ein gong?
Men det sette eit anna punktum enn den pretensiøse, anstrengt nonchalante, kastinga av blokka!

Tuesday, August 29, 2006

Ikkje alt er like ille?

Heldigvis er det noko å irritere seg over kvar dag:
Nye utslag av frislepp for den primitive, korttenkte raseringa av den sosieldemokratiske idyllen.

Det siste er prisen på elektrisk energi. Energiverka er utbygd for skattepengar, seld til investorar som brukar millionar på reklamere for å få selja strømmen sin!
Men verst av alt er situasjonen i Midt-Noreg. Her blir det produsert alt for lite energi i høve til kva innbyggjarane brukar.

Toppen av denne ubalanse mellom produksjon og bruk skal visstnok vera i Rindal sentrum. Der er det så kaldt om vinteren at ein skulle vente at folket der tek eit skikkelg kraft-tak! Men nei!
Og dette bit alle mediene på, inklusive Klassekampen.

Når vart Drøbak sjølberga med elektrisk energi?

Tuesday, August 22, 2006

Coopen

Coopen

Du er ein stortupp!

Og ikkje nok med det......

Pengar som er lånt bort, kan du óg risikere å måtte batale for med ein sum kvar månad. (Det er for at lånaren tillet deg å bruke av pengane dine.)

Monday, August 21, 2006

Upresist

Som vanleg var eg litt snar med grunngjevinga mi.
Begge nemnde forfattarar har kome med kritiske merknader til JG sin kronikk, men grunngjevingane deira er nok lite presist attgjevne.
Eg kan ikkje sjå at nokon har tilbakevist ein einaste detalj i det som kan karakteriserast som påstandar i kronikken. Oppurtonistisk generell kritikk av uttrykksmåte har det derimot ikkje mangla på: Pass på å seie gravereiskap i staden for .....

Elles må eg berre stille eit spørsmål som eg synest burde vore stilt kvar dag:
Kven låner pengar av deg og seier at du fint må finne deg i betale litt for å få dei att?

Monday, August 14, 2006

Sivilisasjonen

Kvifor skal kjendis-intellektuelle reservere seg i høve til Jostein Gaarder?
("Kunne vore sagt på annan måte", "går kanskje litt langt" osv. Jon Hustad, Edvard Hoem....)

Det einaste Gaarder har gjort; er vel å minne oss på at vi er ferdig med både steinalderen og mellomalderen.

At nokon framleis slit med tankegods frå tida med blodhemn og gudegjevne privilegier, skulle vel ikkje vera grunn for å la vera å minna oss på kvar vi står når det gjeld kunnskap, viten og kultur i dag!

Slik går no dagan...

Ja, det er jamen sant!

Sunday, August 13, 2006

Coopen

Coopen i gang!