Thursday, October 09, 2008

Ambivalens

Hei igjen kjære lesar..
Eg trur neppe nokon har lese noko av dette og dermed vert det mest som å prate med seg sjøl. Og den som trur ein får dei svara ein vil om ein gjer det, tek feil. Eller som Tore skreiv på russekortet sitt: Før var eg sterkt i tvil om det meste, men no er eg ikkje sikker på det lenger. (Kanskje ikkje ordrett slik, men..)
For eksempel: Burde vi Noreg ikkje snart sjå til å bli med i EU, slik at Støre og andre med internasjonalt kaliber får oppgåver som passer dei. Synd å stoppe opp i utviklinga som ein utanriksminister for eit lite land som dei fleste i verda ikkje veit eksisterer ein gong. Og mannen er vel både flink og intelligent, mest som ein yngre Willoch. Og begge ville gjerne at vi skulle høyrd nærare til den europeiske familien. For europearane står oss da mykje nærare enn all verdas rare folkeslag som finst i for eksempel SN. Dermed skulle det vera klart at samarbeidet her skulle vore lettare å få til enn i SN. Om vi var samla i EU var vi på god veg til å eliminere kampen mellom nasjonane; i alle fall i Europa. Og det var vel her verdskrigane hadde sitt utspring? Så for freden si skuld og for Støre si skuld er det ikkje tvil om at vi snarare enn svint må med i denne samskipnaden. Til dei som meiner at dette berre kan vera eit steg mot sterkare blokker som står steilt mot kvarandre, kan ein vel berre riste på haudet. Er i kkje europearane såpass siviliserte at dei både klarer å ta knekken på muslimane og sørger for at det vert nok både mat og drikke til negrane i Afrika? Skal dei i Afrika på nokon måte få det betre, må det eit sterkt Europa til!

Monday, January 07, 2008

Friday, January 04, 2008

Matmangel/Kultur

Matmangel?

Er det eigentleg for lite mat til alle menneskjer i verda?
Nei! Det er mat til alle som orkar å gjera noko for å skaffe seg mat.
Spør du afrikanaren om kva han sjøl har gjort for å kome seg ut av uføret, skjønar du snart at det har han ikkje...

Mediamat

God idé det! Å lage eit fjernsynsprogram om kva vi brukar å ete på bestemte dagar. Finn du berømte personar som vil svare på spørmåla er du sikra at folket set seg godt til rett framfor fjernsynsappratet, gjerne med litt god mat og drikke til, og fylgjer interessert med.
Kva er det ein, som nok må seiast å vera plassert nokre trinn over deg på ramgstigen, fyller skrotten sin med på nokre utvalde dagar i året?
Klarer mediakanalen i tillegg å skaffe nokre musikarar med kjende fjes til å spela litt musikk som alle likar, er denne programoppskrifta ein garantert suksess.
Kanskje nok til eit program som varer i to heile timar kvelden før den store matdagen.

Vitjar du ein person som bur åleine, kan han/ho óg gjerne bruke vel ein halvtime på å fortelje om vanane sine, om når dei gjer kva på dagen og både når og kva dei ét.
Det er neppe noko å sende på fjernsynet (enno), men kan vel vera ei forklaring på kvifor "kvaétdu"-program er så populære.
Når ein ikkje får sjansen til å fortelje om seg sjøl, er det vel ei god trøyst å høyre at andre gjer det. Frå slike program kan du gjerne óg få nokre gode idéar om korleis du sjøl kan raffinere matvanane dine og ha meir å fortelje neste gong nokon må høyre på deg.

Dette har ikkje noko med moral å gjera. Og slett ikkje med ideologi!
Aller minst med mat/ingrediens-snobberi!

Kultur er det!

Dei hundre blomar blømer!

Etter den delvise opphevinga av ARK (Arbeidarpartiets Riks Kringkasting) og mediafrisleppet, har det eine framsteget avløyst det andre.

No er det for eksempel endeleg mogeleg å oppleve skikkeleg god underhaldning (som kan likne litt på bygderevyhumor) utan å forlate godstolen.

Som kjent er eit fjernsynsprogram vellukka berre om det har mange sjåarar. Er sjåartala gode, vil óg einkvan finne det lønsamt å selje reklame før/etter/under programmet. Dermed har vi det vi kallar ein god sirkel.

Her er ei oppskrift på ei vellukka (halv)-komedie i juletida:
eit sikringsskåp som fresar og gneistrar,
ein mann med stor mage som er interessert i ei rik overoppstasa blondine,
(óg omvendt: den blonde kan vera interessert i magemannen),
ein parykk som stendig dett av,
juletreljos som er vanskeleg å få til å lyse,
nissen som kjem for seint,
maten som ikkje ser ut til å bli servert
og eit landskjend orkester (for eksempel Vazelina bilopphøggers)?

Plasserer du i tillegg handlinga så langt ut på landsbygda som mogeleg (Toten til dømes) skulle suksessen vore sikra.
Ja, i tilleg må sjølvsagt alle landsens folk vera så godt som evneveik.

Slikt klarer TV2 stendig å lage, og vanlege folk kan more seg utan å bli pådytta alt dette ibsenske høgtravande "sossepratet".

Den norske kulturrevolusjonen ser ut til å vera fullførd.

PS:
Er ein for fintfølande til å tole å sjå litt reklame, er det berre å svitsje eller slå av (om ein er rask nok).
Og vil ein oppleve såkalla "høgverdig" kultur,
kan ei kjøpe seg bilett til ein opera ,eit teateret, ein symfonikonsert, ein jazzkonsert, ...

Aldri har det vore lettare å velje for Ola og Kari.

Det største spørsmålet er kanskje:
Kvifor tok det så lang tid å gjennomføre denne kulturrevolusjonen her i nisselueland når vi heilt sidan tidleg på 60-talet var kjende med kor godt føredøme USA var?
(Samstundes har vi frå fjernynets barndom vore plaga med fjernsynsteater, Skipper Worse, "Den fjerde nattevakt" osv)

Sunday, October 07, 2007

Rehabilitering

MANNS MOT!

Endeleg har dette òg vorte stuereint att!
Feminismen tok samstundest knekken på retten kvinner har til å ta seg godt ut og mannen sin rett til å vera ridderleg og vise mot.

No kan vi endeleg på nytt få kjøpe luksusbilar med tynnkledde kvinner på panseret. Pornohysteriet har óg lagt seg noko. Bladkioskane kan stort sett selja det som folk vil ha.

Når det gjeld "den mjuke mannen", er det nok noko verre å kvitta seg med han. (Vi har ein statsminister og ein utanriksminister som fortsatt, i alle fall i ord, held på dialog og andre "mjuke" talemåtar.

Heldigvis er det nye koster på veg inn i systemet og debatten.
Ein tilsett i Kommunal og regiondepartementet offentleggjer i DT 5/10 ein artikkel som verkeleg er i samsvar med det vår tid krev av ein mann og norsk politikar.
Ein nasjon som fører krig i utlandet og som, i eigne augo, er ei industriell og teknoligisk stormakt, krev politikarar av Kennedy sin type. Politikarar som set mot i høgsetet og som ikkje er redd for å gå mot "folkeviljen" (som ikkje maktar å sjå dei store linene i politikken).
Den nemnde personen frå departementet nemner pensjonreformen som ei sak der politikarar kan syne mot til å tenkje langsiktig og å halda dei store ideala i hevd.
Kanskje treng me ikke vente til Siv og co. får makta før "manns mot" er rehabilitert?
Kanskje spirene til å få kasta feminist-terroren på skraphaugen finst alt i den noverande leiinga?
Det går i alle fall i rett retning!

PS: Synd Kennedy ikkje fikk sjansen til å fullføre Vietnamkrigen!

Saturday, September 29, 2007

Gjør valget enklere for dine venner!?

Ei markant avis kjenneteikna ved solide artiklar og klare synspunkt på viktige samfunnsspørsmål:
"Gjør valget enklere for dine venner, gi bort et abonnement på ....."

På framsida av avisa sto denne oppmodinga under heile valkampen.

Innhaldet i parolen skapte fyrst undring. Vart det verkeleg enklare å vite kven ein skulle stemme på om ein las denne avisa? Var det eit bestemt parti som synte seg som eit sjølsagt val om ein las denne avisa?

Dette fann eg ikkje ut av ved å lese avisa. Fleire partitoppar slapp til i avisa og argumenterte godt for synspunkta sine. Valet av parti vart slett ikkje enkelt sjøl om eg las mykje av valstoffet.

Kanskje venene mine tenkte annleis? Kanskje dei, motsett av meg, fann ut noko mellom linene om kva for parti det var lurt å stemme på?

Men så dukka ei ny undring opp: Om avisa søkjer å opplyse lesarane sine, er det da slik at di meir du veit di lettare er det å ta eit klart standpunkt?
Slik er det sjeldan for meg. Di meir eg veit om eit emne, di klårare vert det for meg kor mykje eg ikkje veit om dette emnet.

Men eg veit om eit parti som har klåre og sikre meiningar basert på minimalt med kunnskap.
Det kunne umuleg vera det partiet dei ville ha meg til å stemme på. Noko tilsvarande lettvintparti har vi vel ikkje på motsett side av skalaen?

Så parolen virka meir og meir absurd di meir eg vurderte:

Den burde nok vorte endra til:
"Gjør valget vanskeligere for dine venner - gi bort et abonnement på ...!"

Wednesday, August 15, 2007

Ein lønsam idé!

Steinar frå Liberget hadde i lang tid tent gode pengar på å gje politikarane råd.
Han gjorde det så bra at han vart leiar for alle rådgjevarane og kursarane rundt om i landet.

Men ein dag starta nedgangen for rådgjevarane og kursarane som hadde spesialisert seg på å tekkjast kongen sine menn. Det var lite etterspurdnad etter både råd og kurs.

På same tida kom Pisa innom kontoret til Steinar. Ho sa at det sto dårleg til med både kunnskap og arbeidsevne hjå ungdomane.

Libergen grunna på dette i fleire dagar, men brått fekk han ein stor idé:
"Politikarane likar at det ser ut som dei gjer noko for opplæringa. Spesielt likar dei det om det synest ikkje å koste noko.
Kva om eg finn opp noko heilt nytt? KOMPETANSE! Det er vel eit betre ord enn både kunnskap og arbeidsemne og kan vel erstatte begge! Og så seier eg at alle skal få meir kompetanse om dei går oppover ei kompetansetrapp? Å setja eit nytt namn på opplæringa kostar ingen ting; heller ikkje å be kvar einskild om gå si eiga trapp."
Han tala med politikar-"venene" sine og dei likte idéen. "Det som ikkje kostar noko og som høyrest fint ut, er av rette slaget", sa dei!
"Men om dette skal bli noko av, må vi få halde kurs" sa Libergen da.
"Ja, sjølvsagt skal de få halde kurs", sa politikarane.
Og så byrja både politikarar, rådgjevarar og kursarar å diskutere kva dei skulle kalle denne store kampanjen. Og snar vart dei einige om at det ålmogen sikkert helst ville høyre om var eit kunnskapsløft. (Ålmogen kunne ikkje skjøne kor stort det var med kompetanse!)

Skulemeistrane vart samla i store hopar og fekk sjå teikningar av den store trappa som alle skulle få gå i sitt eige tempo og fekk høyre om det utrulege som skulle skje om ein kalla kunnskap og arbeidsemne for kompetanse. Da vart alle klokare.
Så hadde alle kursarane og rådgjevarane arbeid i årevis, for skulemeistrane måtte ha mange kurs for å skjøna både trappa og kva kompetansemål var for noko.

Nokre av dei starta straks å prate om kompetansemål som om dei ikkje hadde tenkt på anna før.
Andre undra seg på kva som eigentleg hadde skjedd. Og nokre var frekke nok til å lure på om ikkje det hadde vore like lurt å lytte meir til kva dei sa. Dei meinte til og med at ein burde bruke kurspengane til å tilsette fleire skulemeistrar!

Men snart var det ingen som turde å prata om anna enn kompetansemåla, og heile hopen av skulemeistrar prøvde å lage seg eigne bøker med mål som dei la i hyllene sine.
Og kursarane og rådgjevarane fekk halde fram som før.
Og har dei ikkje slutta enno så driv dei framleis på.
Snipp, snapp snute så var...

Wednesday, May 02, 2007

So seier dei vise....

Dei vise i utdanningsdirektoratet har tala:

Her er kva ein ungdomsskuleelev skal kunne i det store nye emnet "teknologi og design":

"Gjøre rede for elektroniske kommunikasjonssystemer på systemnivå og drøfte samfunnsmessige utfordringer ved bruk av slike."

"Kompetanse" skal det bli ja!

Korleis er det med keisaren?
Han fekk seg eit bein i direktoratet?
Og alle der er einige om at han har bunaden på?
Det lover godt for både elevar og lærarar!

Tenk kor keisamt det hadde vore om ikkje nokon hadde vyer som strekkjer seg over det kvardagslege?
Utan store idéar inga utvikling, og utan store ord...

Sunday, April 29, 2007

Svartkvit

Thursday, April 19, 2007

Skrivepress

Ei viss Houella synest det kjem lite nytt her. Ja, det stemmer. Men kvifor skravle når ein ikkje har noko å fortelja andre? Togn er nok best da.
Den same Houella er ute med ironi når ho ikkje klarer å fylgje tankerekkja mi.
Springande? Ja, vel!
Er ikkje tankane det?
Men eg heldt meg vel til temaet?
Og om ein har fylgd med i kva denne hurpa har sagt og gjort, så kan ein vel skjøne at det er ein samanheng i at ho har mobba og plaga ein stakkar som ikkje heilt klarte ut med arbeidet sitt, at ho har prøvd og delvis klart å styre statsministeren og at ho har motarbeidd effektivisering og konkurranseutsetjing av tenester som stat/kommune har skjøtta dårleg med alle lathansane som er tilsett der.
Til saman utgjer alt dette grunnsynet hennar: Stalinistisk kommunisme! (Det er ikkje mykje springande!)
Takke vere VG er vi no kvitt henne og kan håpe på at LO ikkje lenger skal vera ein bastion for "annerledeslandet".

Sunday, March 11, 2007

Endeleg!

Så er vi kvitt denne "raudstrømpa" og kommunistmedløparen!
At personar med slike synspunkt skal sitte i ein nøkkelposisjon i samfunnet, kan vel ingen sanne demokratar godta.
Ho har til og med regjert over regjeringa!
Enn å vera så konsekvent motstandar av all effektivisering og konkurranse?
I posisjonen som LO-leiar er samfunnsansvar viktigare enn å fremje "sosialistisk" politikk.
Heldigvis har "folket" eit talerør: VG!
Hadde det ikkje vore for VG, hadde nok Valla sete på pidestallen og styrt oss i meir og meir i den sosialistiske grøfta.
Og det trass i at flesteparten av medlemmane i LO stemmer på Frp.
Gud vere prisa for at demokratiet kan bli teke i vare!
Korleis hadde ikkje den norske "arbeidarklassen" vore utan eit uhilda talerøyr: VG?

Wednesday, February 28, 2007

Friday, November 24, 2006

Kapitalismenes fortreffelighet 3

Ein undersjøisk tunell hadde for eit par år sidan fastmonterte telefonar der ein kunne, ved å løfte av røyret, få direkte kontakt med det lokale brannvesenet.
I den kjende framstegsomorganiseringa/effektiviseringa av "offentleg sektor" vart desse telefonane kobla til ein sentral for undersjøiske tunellar i Trondheim, som står i kontakt med naudsentralen i Ålesund som igjen kan kontakte det lokale brannvesenet.
Smart!

Sunday, October 29, 2006

Kapitalismens fortreffelighet 2

No kan du faktisk vera så heldig at du får eit godt tilbod om huskjøp i Brasil, samstundes som du les dei siste nyhende på NRK sine tekstsider.

Ja, det er faktisk ikkje grenser for kva slags gode tilbod du kan verta gjort merksam på medan du prøver å setje deg inn i det som har skjedd i verda omkring deg den siste tida.

Tenk på kor mykje du ikkje veit at du eigentleg har bruk for.
No er farene for å gå glipp av Det store kjempetilbodet, som du kanskje ikkje visste om eller heilt har skjøna at du burte nytte deg av, vorte mykje mindre.

Fyrst no kan eg ane ei flik av alt eg har gått glipp av.

Tidlegare, medan Noreg var ei Sovjetstat, måtte eg gå til tekstsidene til TV2 for å kunne få alle desse gode tilboda, men no er endeleg mangfaldet kome til NRK óg!

Det går verkeleg i rett lei og det med stormskritt!

(Diverre har eg ikkje fått nokre gode tilbod medan eg skreiv dette. Kven er ansvarleg for at tilboda vert undertrykte her? Er det desse Google-folka?)

Tuesday, September 26, 2006

Kapitalismens fortreffelighet 1

Vi veit alle at pressa er fri.
Fri for ansvar for konsekvensane av det ho skriv.
Om ho ikkje er så dum at ho skriv noko om ein person som har energi og økonomi til å setja i gang rettsapparatet. Men det gjer pressa ikkje. Ho lærer av erfaringar.
Dessutan er pressa heldigvis avhengig av inntjening (som det heiter og som eigentleg tyder overskot til dei som har investert arvekapitalen sin i pressa).
Så det gjeld fyrst og fremst å selje det ein skriv.
Dessutan er det viktig å ha lojale medarbeidarar, som unngår dyre rettsaker og artiklar som berre nokre få særingar er interessert i.
Korleis få til det?
La journalistane konkurrere om å bli kjend med dei som er kjend fordi dei er kjende; og skrive om dei. Så unngår ein kontrovers og rettsaker. Dessutan kan journalistane óg få sjansen til å bli litt kjende fordi dei er kjende.
Så kan dei konkurrere om å skrive om/ta bilete av noko heilt ferskt nytt. Kva er ferskare og heitare enn ein brann? Ultranært! Gjerne eit ansiktsuttrykk!
La dei konkurrere om å vera fyrst, dristigast og frekkast.
Så har vi det! Den frie pressa!

Og så er dagsorden sett. Det pressa skriv, det talar vi om. Halve arbeidet med å forma oponionen er gjort.
Godt gjort, men held det i lengda?
Nei, det er endåtil ikkje muleg å unngå at det sprenger seg inn kiler av røyndomen i reportasjane til TV2!
Folk er vanskelege å styre.
Men over lang tid må vel reklamen og stupiditeten gjera mon.
Tolmod!

Thursday, September 07, 2006

Grand Manila

Endeleg er ho kome i hus!
Det medførerat "Presten" får permisjon inntil vidare.
Dette ser ut til å bli ei ny realistisk, fantastisk historie i lyrisk prosa. Smilet ligg òg på lur; som hjå Mona Lisa.
Det skal bli nokre gjæve kveldar og nèt framover! Eg håper at det vil likne på tidlegare opplevingar av same sort: Inn i dei underlegaste krokar av sinnet og ut på dei mest fantastiske eventyra; dulde samanhengar som klarnar brått eller i stille ettertanke.
Eg får prøve ikkje å "bruke" ho opp; men la det vare ei stund.

Friday, September 01, 2006

Natta....

Ja dette var eigentleg for seint (etter klokka) til å koma med noko fornuftig.
Dei rasjonale tankane har måtte vike for dei irrasjonale. Men dei må vel sleppe til av og til for ikkje å hope seg opp. Dessutan kan dei vel óg vera viktige for å skjøne litt meir av røyndomen.

Dei rasjonale tala finn vi på tallinja og alle kan vi skrive som ein brøk. Det er mogeleg å tenkje seg at dei faktiske fyller ut heile tallinja om vi lagar uendeleg mange av dei. Likevel kan vi prove at det faktisk finst mange tal som ikkje er rasjonale, men som likevel må ha ein plass på tallinja. (Pi er vel det mest kjende; men rota av 2 er heller ikkje å forakte.)
(Går vi utanom tallinja finn vi faktisk eit heilt univers av andre tal....)

Så da er det vel berre å kaste seg ut i det:
Det var nokså meiningslaust å sitje å sjå på og høyre på Skavland briske seg mellom sine posjonar med "pen" jente, ansvar for fattigdom på jorda, folkeleg humor, sjølvhøgtidelege politikarar, verdskjent kjent person, sympatisk riking og "det lille ekstra" (barne-"kjendisen").

Men Øystein Sunde avslørte vel heile bunten utan at dei skjønte det?
(Ikkje fint gjort over for velmeinande intelligente personar....)
Kanskje meinte han det ikkje ein gong?
Men det sette eit anna punktum enn den pretensiøse, anstrengt nonchalante, kastinga av blokka!

Tuesday, August 29, 2006

Ikkje alt er like ille?

Heldigvis er det noko å irritere seg over kvar dag:
Nye utslag av frislepp for den primitive, korttenkte raseringa av den sosieldemokratiske idyllen.

Det siste er prisen på elektrisk energi. Energiverka er utbygd for skattepengar, seld til investorar som brukar millionar på reklamere for å få selja strømmen sin!
Men verst av alt er situasjonen i Midt-Noreg. Her blir det produsert alt for lite energi i høve til kva innbyggjarane brukar.

Toppen av denne ubalanse mellom produksjon og bruk skal visstnok vera i Rindal sentrum. Der er det så kaldt om vinteren at ein skulle vente at folket der tek eit skikkelg kraft-tak! Men nei!
Og dette bit alle mediene på, inklusive Klassekampen.

Når vart Drøbak sjølberga med elektrisk energi?